Mirror+rings+stack_Pamflett+RED_og+FLAT+GOLD+1.jpg

KONSERTER OG NYHETER

Tilbake til alle arrangementer

"Ny musikk til distrikta" i Berge

  • Lepramuseet, St. Jørgen kirke 59 Kong Oscars gate Bergen, Vestland, 5017 Norway (kart)
FB event cover.png

«Ny musikk til distrikta» er eit prosjektsamarbeid mellom tre komponistar frå Vestlandet som ynskjer å gi publikum eit innblikk i noko av det som går føre seg i det kunst-musikalske miljøet i Bergen. Vi meiner det er for lite konsertar med ny og nyare kunstmusikk utanfor dei store byane og har difor ambisjonar om å inspirere til utviklinga av kunstmusikalske miljø i distrikta.

Konserten i Bergen er ein del av ein turné, og den er tenkt som ei utveksling av inntrykk og kunst mellom by og land. Det er lett å tenkje at både kunstmusikk og komponistar høyrer til i byane, der dei store institusjonane er, men vi må ikkje gløyme at det er svært mange komponistar som kjem frå distrikts-Noreg. Vi tenkjer oss at komponistane har med seg inntrykk, kjensler og inspirasjon frå heimstaden sin, og når dette vert omdanna til musikk, høyrer den like mykje til i distrikta som i byane. Lyttaren vil i denne konserten oppleve lydlandskap med både akustiske instrument, elektronikk og video, gjennom nysgjerrig utforsking av potensialet i instrumenta, kombinert med opne, strekte klangflater. Musikken er i kategorien moderne kunstmusikk, og er ei vidareføring av den klassiske kammermusikken.

Billettar

MUSIKARAR

Njål Vindenes, gitar
Mari Halvorsen, 1.fiolin
Ricardo Odriozola, 2.fiolin
Ilze Klava, bratsj
Matias Monsen, cello


OM KOMPONISTANE

Tor-Erik Hellesen (1979) er komponist og musikar frå Florø, busett i Bergen. Han studerte komposisjon på Griegakademiet (02-10) og avla mastergrad i 2010. Hellesen sin musikk har vorte framført både nasjonalt og internasjonalt, og vert publisert på NB-noter. Hellesen har lang erfaring som komponist og musikar i den kunstmusikalske sjangeren og i andre sjangrar.

Craig Farr (1975) er komponist og musikar frå England, busett i Bergen. Med utdanning frå Griegakade miet i både slagverk og komposisjon er Farr ein aktiv komponist og musikar i tillegg til å ha fast stilling som musikar i Sjøforsvarets Musikkorps.

Solveig Sørheim (1986) er komponist og musikar frå Etne. Ho har studert komposisjon og kyrkjemusikk ved Griegakademiet, og jobbar fast som organist i Etne kommune. Ho kombinerar komponistvirket med frilansing som trø-organist.


Turnéen er støtta av Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, Folkeakademiet Hordaland, Folkeakademiet Sogn og fjordane, Avgarde, nyMusikk Bergen og Norsk komponistforening.

Tidligere arrangement: 11. september
WORKSHOP OM SØKNADSSKRIVING
Senere arrangement: 23. september
HUSK FRISTEN 1. OKTOBER!