ICE MUSIC - med Terje Isungset og Thea Hjelmeland
Velkommen til intimkonsert i ei utforskande og forunderleg verd av is, leik og kreativitet!
Det tidlause uttrykket i musikken til Isungset gir rom for samspel og improvisasjon og opnar dørene mot draumar, villskap og poesi. Med seg på scenen har han Thea Hjelmeland, som med si vakre røyst tilfører musikken spennande klangar, undring og venleik.
Vi får og høyre eit knippe av Thea og Terje sine eigne låtar.
KONSERTAR
Torsdag 28.nov kl 21:00
Fredag 29.nov kl 21:00
Laurdag 30.nov kl 12 (Familiekonsert)
Dette blir ei vakker og visuelt interessant oppleving - Alle instrumenta er laga av is!
Passar for alle aldre
Medverkande:
Thea Hjelmeland: vokal, isharpe, isperkusjon og vatn
Terje Isungset: ishorn, isofon, istrommer og isperkusjon
Mathias Grønsdal: Lyddesign
Det Vestnorske Teateret
Billetpriser:
Ordinær: 250;
Student: 150;
Honnør: 200;
Avgarde medlem/Scenekort: 150;
Under 16 år - gratis!
https://www.detvestnorsketeateret.no/kalender/ice-music/?fbclid=IwY2xjawGhYzZleHRuA2FlbQIxMAABHRSQMAB_loW8meWzu5n8iOuiUjMgE4L-bWWojJLzIwVw387YlAQEu1BOEA_aem_7MvPioXADGs3AH7DsyEApQ