Bølger.png

KONSERTER OG NYHETER

Tilbake til alle arrangementer

MIRAGE

  • Det Vestnorske teateret 6 Øvre Ole Bulls plass Bergen, Vestland, 5012 Norway (kart)

Avgarde og Det Vestnorske Teateret har gleda av å ynskje velkommen til ei spesiell og vakker konsertoppleving!

På programmet denne kvelden står musikk av komponistane Marcus Davidson, Eilert Tøsse og Marianne Reidarsdatter Eriksen. Alle verka er skrivne spesielt til duoen. Vi får oppleve forførande rytmar, knoppskyting og vestavind. I tillegg får vi urframføring av det rykande ferske stykket Mirage av Marcus Davidson, skrive for fløyter, gitar og live elektronikk! Komponisten er sjølv med på framføringa.

Konserten er på Scene 2, ein ny og flott sal for framsyningar og konsertar på Det Vestnorske Teateret.


Vi har “betal det du vil”- ordning!


BØEN/FISKAAEN DUO

Duoen består av Knut Magnus Bøen (fløyter) og Hallgeir Fiskaaen (gitar). Saman har dei gjort eit hundretals konsertar sidan starten i 2009, og er med det ein av dei mest røynde fløyte- og gitarduoane i Norge. Musikken spenner frå det klassiske kjernerepertoaret for besetninga til musikk frå Latin-Amerika og Balkan. Dei siste åra har dei jobba mykje med samtidsmusikk, og slik er dei med på å skape eit nytt repertoar for fløyter og gitar.


PROGRAM

Four Balkan dances (M. Davidson)

Ville vekster (E. Tøsse)

Tre selvstendinge stykker for fløyte og gitar (M. R. Eriksen)

Mirage (urframføring) (M. Davidson)

Tidligere arrangement: 21. september
Komponistpub!
Senere arrangement: 16. november
Sonora Ensemble X Julia Constance Wiger-Nordå